– Unikt dokument frå ImF

Indremisjonshistorikar Johannes Kleppa kan ikkje finna noko dokument i Indremisjonsforbundets historie som kan samanliknast med det som blir offentleggjort denne veka.

– Då tenkjer eg på at det er så direkte og så konkret. Det einaste måtte vera Bedehushåndboka, men den er meir praktisk retta, seier Kleppa til sambåndet.no.

Råd

I marsnummeret av Sambåndet som etter planen skal ha nådd ut til dei fleste abonnentane i dag, er det trykt eit omfattende dokument med overskrifta «Råd fra ImF i den aktuelle kirkesituasjonen anno 2015/2016». Lenke til dokumentet finn ein nedst i denne artikkelen. At det ville koma eit slikt råd, skreiv Sambåndet i novembernummeret i fjor.

Johannes Kleppa er ein av fire personar som på oppdrag frå Sambåndet har lese dokumentet og kommentert det i temaseksjonen i bladet. I sin artikkel der drar Kleppa ein tråd tilbake til debatten om «fri kyrkje, fri nattverd og fri dåp frå slutten av 1800-talet til ut på 1920-talet».

– På denne tida spela Sambåndet og Broderringen ei viktig rolle for nyhende og debatt, sier Kleppa – og viser til boka «Ordets folk» som han er medforfattar av.

Broderringen

Vestlandske Broderring (seinare Forkynnar- og Leiarringen) vart stifta i 1903 og var ei samling for predikantar på Vestlandet. Frå starten vart alle sentrale forkynnarar og leiarar i lekmannsarbeidet på Vestlandet med. Sjølv om Broderringen var uavhengig i høve til organisasjonane, var han ifølgje Kleppa representantiv for dåverande Det vestlandske indremisjonsforbund (DVI), no Indremisjonsforbundet (ImF)). Broderringen skulle arrangera møte der spørsmål som var aktuelle for forkynnarar og for det kristne arbeidet, vart drøfta.

– På denne tida fantes ikkje store leiar- og arbeidermøte i dei ulike organisasjonane, peikar Kleppa på.

Fri nattverd og fri dåp

På sommarmøtet til Broderringen i 1906, på Framnes, var spørsmålet om fri nattverd tema. Foredraga til Ludvig Hope (NLM), Andreas Lavik og B.A. Lindeland (dei to siste frå DVI) vart utgitt som eiga trykksak, kalla «raudboka» etter fargen på omslaget. I vedtaket frå møtet, som òg vart innlemma i raudboka, heitte det mellom anna at «nadveren gives fri». Og i 1907-årgangen av Sambåndet hadde Lindeland ein artikkelserie som viste korleis indremisjonsleiarane tenkte om nattverden og bruken av den. I 1913 vart fri nattverd anerkjend av staten.

På årsmøtet til Broderringen i 1911, på Nærbø, kom spørsmålet om fri dåp opp. Årsmøtet vedtok å senda inn til Kyrkjedepartementet eit lovforslag «hvorved det gis adgang til aa faa hjemmedøpte barn indført i statskirken uten at daapen stadfæstes i kirken». Same år hadde styret for Broderringen klart eit «Forslag til lov um heimedåp», og dette vart overlevert statsråden personleg. Arbeidet for fri dåp døydde likevel bort.

– Grunnar for det kan vera nedkjemping av liberal teologi, at det kom prestar utdanna av Ole Hallesby og store vekkingar, seier Kleppa.

Les òg: Dåp til spetakkel

Forsamling

Noko av argumentasjonen for om lag hundre år sidan gjekk på at veneflokken på bedehuset måtte kunne kallast ein menighet og difor kunne praktisera dåp og nattverd. Indremisjonshistorikaren synest godt at ImF-leiinga kunne ha vist til denne delen av historia i dokumentet om kyrkjesituasjonen.

– Det ville ha gjort at det hadde stått endå sterkare og vist at frihetstanken ikkje er ny i indremisjonen, meiner Kleppa.

Johannes Kleppa har merka seg at dokumentet er klart i si tilråding av å satsa på forsamlinga på bedehuset.

– Når ein har uttalt seg før, er det meir om kva misjonsfolket kan koma til å gjera dersom så eller så skjer, peikar Kleppa på.

Statskyrkjevenleg

Sjølv kom han første gong inn i DVI på slutten av 1970-talet, då i stilling som leiartreningsinstruktør.

– Då var DVI noko av det mest statskyrkjevennlege ein hadde, seier Kleppa.

Han hugsar eit møte i C. Sundts gate i 1980 i samband med at Kjølv Egeland skulle laga ei utgreiing om reformer i statskyrkja.

– Av dei som var på dette møtet, var det berre eg som var prinsipielt imot statskyrkja, fortel Johannes Kleppa.

Den tidlegare redaktøren i Sambåndet og Dagen meiner det hadde vore grunnlag for å danna ei frikyrkje utfrå bedehuset for hundre år sidan.

– Men slik er det ikkje no, meiner Johannes Kleppa.

Dokumentet om kyrkjesituasjonen kan lesast digitalt her. Kom gjerne med ditt syn i kommentarfeltet under denne artikkelen.

Les òg leiar: Ordet i brennpunktet

3 replies
  1. Roald Evensen says:

    Godt jobba!
    Tiden for omvendelse er overmoden!
    Det er sannelig på tide vi blir påminnet sterkt og konkret om å lyde Gud mer enn mennesker.
    Fra min ungdom av har jeg hørt utsagn som: » dersom det og det skjer er min tid i DnK omme». Det som for 40-50 år siden var snakk om ,er som «mygg» å snakke om sammenlignet med det som skjer i dag.
    Det må gå mange rundt med mageverk, for det blir resultatet av å » sluke kameler».

    Svar
  2. Ingolv Gjedrem says:

    Dokumentet frå Indremisjons Forbundet ser ut til å peika på noko meir enn eit kyrkje-register der medlemmer (Les IMF-medlemmer) kan skrivestil inn. Dokumentet er klart i si tilråding til å satsa på forsamlinga på Bedehuset. Dersom det tyder at ein ser for seg at forsamlinga på Bedehuset kan verta ei lokalkyrkje for tidlegare medlemmer i DnK, som ikkje så langt har vore medlemmer i ImF, men som deler ImF sitt syn, då er det godt nytt. Alle organisasjonar og enkeltpersonar som prøver å gå saman om å byggja ei ny, lågkyrkjeleg, evangelisk kyrkje i Noreg, har Abram sin velsigna ståstad.
    1.Mos. 13,9. Det er andre krefter som har utløyst splittinga i DnK. Det er viktig at personar og organisasjonar finn saman i ein breiast mogleg evangelisk front for å vinna fram i dette store og viktige tiltaket. Bryne 23.03.2016 Ingolv Gjedrem.

    Svar

Trackbacks & Pingbacks

  1. […] grad enn tidligere rådet til å være med å bygge forsamlinger på berdehuset. Klikk deg inn på saken fra sambåndet.no for å lese rådet i sin […]

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.